Reply To: John Williams/Steven Spielberg-dokumentar på NRK

Home Forums Norsk John Williams/Steven Spielberg-dokumentar på NRK Reply To: John Williams/Steven Spielberg-dokumentar på NRK

#1385

Jeg synes den er veldig bra. Men ikke så bra som Keith Lockharts album.

Ja, det er sanneleg eit bra album, og eg likar spesielt at A New Beginning frå Minority Report og Viktor’s Tale frå The Terminal får merksemd. Beethoven-referansen i andresats av Escapades er ei fornøyeleg overrasking. Utvalget følast likevel litt trygt og kjedeleg; eg skulle ønske at det var inkludert fleire spor utanom dei vanlege høgdepunkta, som noko frå A.I. Eg synest forøvrig det er eit irriterande salgstriks frå Sony å berre utgi albumet som del av ein boks, spesielt når lyden på dei to gamle albuma i boksen ser ut til å vere den same som tidlegare. Det er dermed ingen grunn til å skaffe seg dei to gamle albuma på nytt dersom ein allereie har dei – noko eg tippar er tilfellet for mange i målgruppa – så ein burde kunne kjøpe det nye albumet separat.

Musiseringa på Lockhart sitt album er særs bra utført, men eit betydeleg problem er den dårlege orkesterbalansen i nokre av spora. Dette oppstod truleg fordi delar av albumet er spelt inn live, og det er spesielt tydeleg for messingseksjonen på The Patriot som blir altfor svak. Eit anna punkt som dreg ned for meg er at det nye arrangementet av Night Journeys frå Dracula er langt frå like “skremmande” som originalen. Williams veg opp for dette med ein forlenga versjon av The Men of Yorktown March frå Midway, der siste halvdel er vesentleg meir utadvendt. Ei anna hyggeleg overrasking er den utvida versjonen av Poe’s Theme i Finale-sporet til The Last Jedi.