TSO Urbanski

Foto: Knut Erik Haugen

Planetane og Star Wars (Trondheim Symfoniorkester, dirigert av Krzysztof Urbański)

Kva får ein ved å blande saman sju planetar, ein dose stjernekrig, eit orkester i storform og ein framtidig toppdirigent? Det blei oppskrifta på ein minneverdig kveld for både nye og gamle orkesterentusiastar då Trondheim Symfoniorkester inviterte til konsert 15. februar.

Trondheim Symfoniorkester (TSO) har tidlegare hatt uflaks med nokre av filmmusikkonsertane sine. I 2003 skulle Michael Kamen dirigere ein konsert med eigen musikk, men han døydde kort tid i forvegen i altfor ung alder. Nokre år seinare, i 2009, var det Ennio Morricone sin tur til å dirigere sin musikk, men han avlyste på grunn av sjukdom.

Trass i fråværet av store komponistar i eigen person har det likevel blitt ein del konsertar med filmmusikk. Spesielt har det vore mange gode filmkonsertar der orkesteret akkompagnerer filmen live, som Chaplin-filmar, Kon-Tiki (2012), Fantasia (1940) og Blancanieves (2012) fleire av dei i samarbeid med filmfestivalen Kosmorama. Denne gongen var det musikken som stod i fokus, og på menyen stod to meisterverk frå det 20. århundret: Planetane av Gustav Holst og musikk frå Star Wars av John Williams (du kan høyre konserten hos NRK).

Forrige gong TSO spelte noko av John Williams var våren 2016 då dei dedikerte ein heil konsert til musikken hans, dirigert av Nick Davies (blant anna kjent som mangeårig dirigent for den norske Nobelkonserten). I februar 2018 var det igjen tid for ein Williams-konsert. Dette var den fyrste konserten til Krzysztof Urbański som æres-gjestedirigent, etter at han ga dirigentpinnen vidare til noverande sjefsdirigent Han-Na Chang. Urbański var sjefsdirigent for TSO frå 2010 til 2017, og har fått store delar av æra for den kunstneriske framgangen til orkesteret dei siste ti åra.

Etter ein knallstart på andre halvdel av sesongen, med perler på rekke og rad, kulminerte konsertrekka i det musikalske gourmetmåltidet vi fekk servert denne kvelden i februar. Tittelen på konserten var Planetene – atmosfærisk musikk, og var tematisk sett ein oppfølgar til konserten 2001 – En romodyssé som Urbański avslutta sesongen 2015/2016 med. Valet av program stiller musikken til Star Wars klisjéaktig opp mot storverket Planetane. Dette er ei ganske vanleg samanlikning som ofte blir strekt litt for langt, noko TSO heldigvis unngår i programteksten sin.

Planetane av Holst er eit verk som er betydeleg betre å oppleve live på grunn av den enorme dynamikken og dei monumentale oppbyggingane. Som så ofte er tilfellet med starten av «Mars» er ikkje anslaget tydeleg definert, og dei fyrste minutta er det litt rusk i orkesteret. Dei får likevel raskt luka ut ugraset og ser seg ikkje tilbake. Om denne satsen verkar merkeleg gjenkjenneleg for filmmusikkentusiastar, kan det vere fordi Hans Zimmer brukte den som inspirasjon for musikken til Gladiatoren (2000), i den grad at han blei saksøkt av the Holst Foundation.

I det korte midtpartiet til «Mars» blir eg positivt overraska av eit uvanleg høgt tempo. Satsen kan grovt sett delast inn i ei ABA-form, og sjølv i Faber Music si utgåve av partituret (1979), som inneheld merknadar basert på dirigentpartituret til Holst samt arrangementet hans for to piano, er det inga tempoendring når vi kjem til B-delen. I mange innspelingar og framføringar er tempoet likevel vesentleg redusert. Til og med Adrian Boult, som dirigerte premieren av verket, set ned tempoet i innspelingane sine. Urbański er kjent for å respektere komponisten sine intensjonar (sjølv om han har for vane å dirigere utan partitur), og tempoet i B-delen er ikkje noko unntak. Etter den dynamiske oppgangen i midtpartiet er vi tilbake til A-delen og mørke, mektige messingblåsarar.

Fyrstehornet i «Venus» har ein nervøs vibrato som er ein smule forstyrrande i ei elles solid framføring. «Merkur» får ei særs rask og energisk tolking, nesten like rask som i Holst sine eigne innspelingar. Eg ser for meg at dette er ein utfordrande sats for både dirigent og orkester.

Eg er svak for midtdelen av «Jupiter», som Holst seinare brukte som basis for den patriotiske hymna «I Vow to Thee, My Country». Dirigenten innfrir der han tydeleg får fram det emosjonelle potensialet, og lukkast i å lokke fram den obligatoriske gåsehuda mot slutten av midtdelen. Som «Mars» har òg «Jupiter» og «Saturn» langstrekte, dynamiske oppbyggingar som dirigenten tek heilt ut til storslåtte klimaks. Sistnemnde får ei langvarig tolking; like lang som på Dutoit si berømte innspeling (Decca).

Som «Merkur» får òg «Uranus» ei kraftfull tolking, med ein fantastisk utstrekt ritardando rett før klimakset. I «Neptun» kjem den magiske klangen frå Celesta-stemma godt fram. Dette er siste sats, og når eit kvinnekor kjem inn mot slutten (i dette tilfellet Embla under leiing av Norunn Illevold Giske), tenker eg alltid at det er synd vi ikkje får høyre meir av det.

Etter pausen var det tid for utdeling av Trondheim by sin heiderspris til kunstmålar og samfunnsdebattant Håkon Bleken, framleis aktiv i ein alder av 89 år. Han kan ofte sjåast på konsertar med TSO, og som vanleg hadde han interessante anekdotar og klare meiningar å by på.

Deretter var vi ved den delen av programmet som truleg fleirtalet hadde komt for å høyre, nemleg musikken frå Star Wars av John Williams. Suiten startar med «Main Title», òg kjent som Luke sitt tema, som akkompagnerer opningsteksten på kvar Star Wars-film Williams har skrive musikken til. Her er tempoet spot-on og Urbański lukkast i å gje stykket ein god romantisk schwung, medan orkesterbalansen er særs god. Til og med dei repeterande trompet-figurane etter nøyaktig eitt minutt kjem godt fram – det gjer dei ikkje sjølv på mange av originalinnspelingane.

«Luke & Leia» startar med eit herleg trestemt fløytespel før ein delikat hornsolo tek over. Vakkert. Dette temaet figurerer òg i sporet «The Spark», eit av dei musikalske høgdepunkta frå The Last Jedi, med ei heftig Brucknersk avslutning. Tempoet til «The Asteroid Field» blir litt for sakte, men fungerer greit nok då dirigenten likevel greier å halde på noko av drivet i stykket, og det tek seg kraftig opp mot slutten. «The Imperial March» får etter mi meining eit litt for lite stakkato rytmisk akkompagnement – det får ikkje puste nok mellom notane, som gjer stykket mindre hardtslåande. Etter midtpartiet set Urbański plutseleg opp tempoet, som følast litt merkeleg, men samtidig er det verknadsfullt.

I «Cantina Band» leikar Williams seg med rytmar og synkoperte åttedelsnotar og skaper med det ei knakande god swinglåt. Dette stykket skil seg frå dei andre ved at det er såkalla kjeldemusikk, dvs. musikk som blir framført i filmen. Det bølgeblikkaktige perkusjonsinstrumentet som inngår i stykket gir ein artig effekt, men hos TSO fungerer det ikkje like bra heile tida.

Som siste del før den store finalen får vi «The Forest Battle» i ei drivande god framføring. Eg synest likevel «The (Final) Battle» frå den fyrste Star Wars-filmen – når opprørarane går til angrep på dødsstjerna – ville vore ei meir effektiv oppbygging til siste del, «Throne Room & End Title». Rett etter fanfare-introen til «Throne Room» er balansen mellom strykarar og perkusjon like god som i originalinnspelinga, som sjeldan er tilfellet i nyinnspelingar. Heilt i starten av «End Title» er det ein note i messing som blir spelt ein heiltone for lågt, utan at det blir for merkbart.

Det blei dessverre ingen musikalsk dessert – TSO har ikkje for vane å gje ekstranummer. Og det er heilt greit når dei serverer ein solid toretters der det har blitt brukt tilstrekkeleg med tid på førebuing, som ikkje alltid er tilfellet når symfoniorkester gir seg i veg med filmmusikkonsertar. Dermed blei det ingen musikk frå den nye trilogien som så langt tel to filmar. Det er forståeleg at det ikkje blei spelt noko frå The Last Jedi (2017) sidan ingen delar av musikken var publisert endå. Det er greit at dei fokuserte utelukkande på klassikarane frå den originale trilogien, sidan det truleg er denne musikken flest assosierer med Star Wars, sjølv om eg hadde håpt å få høyre «Rey’s Theme» frå The Force Awakens (2015).

Det eg sakna mest var Williams sitt utsøkte, nye arrangement av «Han Solo and the Princess» frå The Empire Strikes Back (1980), som han sjølv premierte i januar 2018. Dette arrangementet var heller ikkje publisert men vi får håpe TSO inkluderar det i ein framtidig konsert, i tillegg til «Rey’s Theme», musikk frå The Last Jedi, det nye temaet Williams har skrive til Solo: A Star Wars Story som kjem i mai og musikk frå Star Wars Episode IX, som etter alt å døme vil vere Williams sitt siste fulle soundtrack i Star Wars-universet. Det er med andre ord mykje å ta av for framtidige konsertar – kanskje igjen med Urbański? Det var iallefall tydeleg at dirigenten likte seg der han dansa rundt på podiet.

Notebilete av Sigbjørn Vindenes Egge.

*

Forslag til vidare lytting:

Frå historiske innspelingar der Holst sjølv dirigerer får vi endå eit prov på at tempoet ikkje skal reduserast betrakteleg i midtdelen til «Jupiter». Han gjorde to innspelingar, begge med London Symfoniorkester på plateselskapet Columbia. Den fyrste, frå 1922–1924, blei spelt inn med akustisk teknologi, medan den andre, frå 1926, nytta den nye, elektriske teknologien.

Oslo Filharmoniske Orkester heldt 13. oktober 2017 ein konsert med tittelen Golden Age of Hollywood, dirigert av eminente John Wilson (tilgjengeleg til 29. juli 2018). Programmet var som følger:

John Williams: Star Wars
David Raksin: Laura
Bernard Herrmann: Psycho og Citizen Kane
Erich Wolfgang Korngold: The Adventures of Robin Hood
Jerome Moross: The Big Country
Max Steiner: Gone With the Wind
Franz Waxman: A Place in the Sun
Scott Bradley: Tom & Jerry
Miklós Rózsa: Ben-Hur
…og eit spennande ekstranummer!

Visits: 17

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *