victoria

Victoria (Martin Phipps & Ruth Barrett)

Nokre gongar kan den oppsiktsvekkande musikken til ein TV-vignett vekke interesse for ein heil serie. Det var tilfellet med ITV-serien Victoria, om Dronning Victoria (1819-1901) – inntil nyleg den lengstsittande monarken av Storbritannia. Serien hadde premiere i 2016, og så langt har den over to sesongar tatt føre seg regjeringstida hennar fram til og med den andre statsministeren.

Den fyrste sesongen handlar om Victoria som blir dronning kort tid etter å ha fylt 18 år, når onkelen Vilhelm IV døyr. Som fersk monark må ho kjempe hardt for sjølvstende; fyrst frå mora, deretter frå kvinneundertrykkande krefter, sleipe rådgjevarar, usympatiske onklar og mange andre politiske aktørar med sine eigne agendaer. Samtidig søker ho etter rettleiing i å navigere det politiske landskapet, og finn ein forbundsfelle og rådgjevar i den sympatiske Lord Melbourne, statsminister frå Whigpartiet. Ganske snart byrjar ein av onklane å lobbyere for å få Victoria til å gifte seg med nevøen hans, som i løpet av sesongen blir prins Albert. Nokre av karakterane fremstår særs karikerte, og eg tek meg sjølv stadig i å undre på kvar handlinga går over i fiksjon, men serien er unekteleg underhaldande.

Musikken på albumet er kreditert Martin Phipps og Ruth Barrett, med eit bidrag frå Benji Merrison (sjølv om det er fleire andre komponistar knytt til serien), og fremført av Chamber Orchestra of London med korale bidrag av crossover-vokalgruppa Mediæval Bæbes. Phipps komponerte hovudtemaet, heretter kalla for “halleluja-temaet”, samt musikken til fyrste episode. Deretter tok Barrett over for resten av sesongen. Merrison bidrog på Victoria-suiten, som er ein ekspansjon av halleluja-temaet. Phipps og Barrett har tidlegare hatt fleire samarbeid, som på Michael Caine-filmen Harry Brown (2009) og BBC-serien War & Peace (2016).

Dette er ikkje fyrste gong Martin Phipps skriv musikk for britiske kongelege; han har tidlegare skrive musikken til miniserien The Virgin Queen (2006) som portretterer Elizabeth I. Etter det komponerte han til seriane Oliver Twist (2007), Peaky Blinders (2013-) og The Honourable Woman (2014), for å nemne nokre få. Det siste tiåret har Phipps fått fleire prisar for musikken sin; han har vunne enten BAFTA eller Ivor Novello Award for alle ovannemnte seriar. Barrett har blant anna skrive musikk til seriane Whitechapel (2009-2013), The Durrells in Corfu (2016-) og Fearless (2017).

Musikken i Victoria er forholdsvis enkel, delvis inspirert av minimalisme, og er ikkje spesielt storslått med tanke på kven den akkompagnerer. Men det er vel òg noko av føremålet med serien – å framstille Victoria og Albert som “vanlege” folk med vanlege problem. Halleluja-temaet, som blir brukt i store delar av albumet, er enkelt oppbygd men likevel fengande og oppløftande. Det blir fyrst presentert i «Victoria – The Suite». Det dominerande elementet er eit kvinnekor (Mediæval Bæbes), som syng ein tekst beståande av særs få ord av tilbedande karakter, som “gloria” (herlegheit), “halleluja” (pris Gud) og “kyrie” (Herre). Når koret i eit musikalsk høgdepunkt rimar “gloria” med “Victoria”, og dermed samanliknar Victoria med det guddommelege, har det ein slåande effekt. Dette temaet er eit godt eksempel på korleis ein velplassert modulasjon kan løfte musikken.

Suiten er klart blant det beste på albumet, og dei fleste andre høgdepunkta kjem i løpet av fyrste halvdel. «The King is Dead» akkompagnerer scena i fyrste episode der Victoria får besøk av eit sendebod. Sporet startar med lyse strykarar og eit hint av kor, før vi raskt blir kasta uti eit travaktig tema i mørke, klaustrofobiske strykarar som illustrerer sendebodet. Deretter blir det lagt til mørke messingstøt i ein dyster variasjon over Rule Britannia.

Byrjinga av «The King is Dead» er særs engasjerande og er for underteikna den mest spennande delen av albumet. Mot slutten av sporet er det ein kort akkordprogresjon som kan minne om «Chevaliers de Sangreal» frå Da Vinci-koden (2006) av Hans Zimmer. Dette er kanskje ikkje så rart sidan Phipps og Zimmer, kort tid før Phipps skreiv musikken til Victoria, samarbeida på filmen Woman in Gold (2015). Det kan òg nemnast at siste halvdel av «A Royal Affair» har eit raskt, nedadgåande pianomotiv, som henta rett frå The Imitation Game (2014) av Alexandre Desplat. Begge desse elementa er så i stil med dagens filmmusikk at likskapen kan vere reint tilfeldig.

«Coronation» startar såvidt med lyse strykarar før eit piano i lågt register gjer ei avmålt tolking av halleluja-temaet med fjern romling av pauker i bakgrunnen, som saman gir eit inntrykk av forsiktig bestemtheit. Etter ei stund kjem koret inn, og deretter eit kirkeorgel. Det er ein typisk “oppbyggings”-komposisjon, der temaet blir repetert samtidig som det blir lagt på nye lag og variasjonar. Resultatet er særs vellykka, med opptil fleire gåsehud-moment.

«Lord M» er eit ostinatbasert spor som får godt fram den melankolske sida til statsminister Melbourne. «Locomotives» akkompagnerer fleire fartsfylte scener med ei av dåtida sine nyvinningar, og musikken greier å høyrest passeleg lokomotivaktig ut utan å vere for klisjéfylt. Resten av albumet inneheld fleire variasjonar over halleluja-temaet, men består i større grad av stemningsmusikk; det er likevel verdt å lytte til.

Musikken er dyktig framført og produksjonen framstår som særs polert. Skal eg klage på noko må det vere at albumet er ganske kort med sine 28 minutt, men eg er usikker på om det finst meir musikk av noko særleg substans eller originalitet som er utelate frå albumet. Speletida følast likevel tilstrekkeleg sidan mykje av musikken er basert på halleluja-temaet. Det kunne lett blitt for mykje av det gode, men heldigvis blir temaet presentert i stadig nye, interessante variasjonar.

 

Forslag til vidare lytting: 

Det finst ein fornøyeleg variasjon over Rule Britannia i form av ei overtyre av Alexander Mackenzie, og den har fått ei fantastisk innspeling på Hyperion. Albumet, som har den passande tittelen Victorian Concert Overtures, inneheld òg overtyra «Chevy Chace» av George Macfarren, med eit rytmisk akkompagnement som minner om Supermann-temaet til John Williams.

*

Hits: 176

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *